Fleirstråla fiskeri-sonar eit viktig leiteverktøy for fiskarar som nyttar dette instrumentet til å vurdera storleiken av stimar.

Sonaren har eit stort dekningsområde, er lett tilgjengeleg – og kan gje informasjon om stimstruktur og vandring. Dette er òg informasjon som er av interesse for forskarar.

Går ikkje

Men forskarane har no dokumentert problem med å skulle bruke fleirstråla fiskeri-sonar som eit verktøy i mengdemåling, melder Havforskningsinstituttet.

I ein ny vitskapleg artikkel, publisert i fagtidsskriftet Journal of Acoustic Society of America, har HI-forskarane Sindre Vatnehol og Nils Olav Handegard gått nærare inn på ei av problemstillingane, nemleg fiskens vertikale fordeling i vassøyla. 

– Ein føresetnad når vi reknar ut kor mykje fisk det er i eit område, er at det er like mykje fisk fordelt over heile strålen i dei ulike avstandane frå skipet, forklarar Sindre Vatnehol i meldinga.

Vil ha meir sonar

Det går med ekkolodd, for då målar ein rett ned. Fisken fordeler seg jamt horisontalt i vassøyla, enten som slør eller som stimar, og då treff dei også jamt i ekkolodd-strålen.

– Med sonar målar vi derimot til sides. Vertikalt i vassøyla er ikkje fisken like jamt fordelt – nokre gongar står fisken høgt, andre gongar lågt. Dermed er det mogleg at fisken berre er i delar av strålen, til dømes i den eine halvdelen. Dette kan føre til betydeleg feil fordi føresetnaden om fiskens fordeling er då feil, seier forskaren.

På eit møte i Austevoll tidlegare i haust,

Symjeretninga avgjer

Men vertikal stråling er ikkje det einaste problemet som har blitt dokumentert.

– Vi ser også at fiskens symjeretning blir avgjerande når ein skal forsøke å kvantifisere mengda fisk i sonarstrålen. Det blir forskjellig resultat alt etter kor vi treff fisken – om vi strålar fisken på tvers, bak- eller framifrå.

– Dessutan er sjølvsagt artskategorisering avgjerande for oss når vi skal hente ut data, som igjen skal føre fram til ei bestandsberekning. Det får vi i dag ikkje til med sonar aleine. På ekkolodd nyttar vi den relative ekkostyrken av fisk på ulike signalfrekvensar i artskategorisering, og sidan sonar berre har ein signalfrekvens så har me ikkje tilstrekkeleg informasjon.

Ser på nye typar utstyr

HI har dei siste åra brukt store ressursar og mykje tid på å undersøke korleis sonar kan nyttast inn i bestandforskinga, til dømes gjennom prosjekta REDUS og CRISP.

I dag nyttar ein ei rekke reiskap og metodar på tokt for å samle inn data – frå nemnte ekkolodd, til trål og egghåv.

Forskarane ser også på andre typar utstyr for framtida.

– For eksempel er

om kan fungere godt for oss, avsluttar Vatnehol.

Høyr podkast om leiting med drone: