— Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vedtatt ein regel for korleis loddebestanden skal forvaltast, og undersøkingane våre viser at det ikkje bør fiskast lodde til neste år, seier Bogstad i ei pressemelding frå Havforskingsinstituttet (HI) fredag.

Han viser til at Russland og Noreg har som mål at lodda først og fremst skal fylle ei viktig rolle i økosystemet i Barentshavet — å vere mat for andre. 

— Dersom vi finn ut at det blir eit overskot av lodde etter at torsken og andre viktige artar har tatt sitt, kan det opnast for fiske, fortel Bogstad.

Resultat frå toktet

Nyleg kom resultata frå økosystemtoktet i Barentshavet, kor forskarane måler «den modnande bestanden», det vil seie den vaksne delen av loddebestanden.