Det internasjonale havforskingsrådet ICES sitt kvoteråd for nordsjøsild for 2022, som skulle vore publisert 28. mai, kjem i staden i september. Det melder Havforskingsinstituttet.

Hi opplyser at under arbeidet med bestandsvurderinga oppdaga ekspertgruppa (HAWG) eit problem, som medfører at ICES må utsetja rådet på nordsjøsild til 30. september 2021.

«I løpet av sommaren vil det bli gjennomført ein inter-benchmark på bestanden. I denne prosessen vil ein bruka nye, oppdaterte estimat av naturleg dødelegheit. Dette inneber at referansepunkt må sjekkast og kanskje reviderast», skriv HI.