Slik konkluderer Havforskingsinstituttet i ein ny rapport om korleis det står til med den vesle fisken.

– Tobisen har henta seg inn igjen frå dårleg til god status sør i Norsk økonomisk sone i Nordsjøen. På leveområda lengre nord har han ikkje greidd dette, seier bestandsansvarleg havforskar Espen Johnsen i ei melding på instituttets heimesider.

Rapporten er laga på oppdrag frå Miljødirektoratet, som jamt behandlar søknader om oljeaktivitet nær tobisområde. Den tek for seg havsilen, den viktigaste tobisarten.

Tobisen er ikkje tilbake i same mengd langs kysten, men Johnsen siktar først og fremst til Vikingbanken lengst nord. Der står det spesielt dårleg til med den vesle fisken.

Ny forvaltning

Etter dårlege tider for tobisen innførte Norge ei ny nasjonal forvaltning av arten frå 2011. Då blei norsk sone av Nordsjøen delt inn i fleire tobisområde basert på kunnskap om bestanden, ifylgje meldinga. Områda fekk sine eigne delkvotar.

Delar av kvart område er alltid stengt for fiske. Dette sikrar at det er fisk igjen til å halde bestanden oppe på dei ulike sandbankane. Tiltaka har i hovudsak fungert bra, med eit stort unntak for Vikingbanken.

Nært oljefelt

– Det kan vere fleire årsaker til dette, for eksempel at området blei fiska heilt tomt, slik at det rett og slett ikkje er tobis igjen til å bygge opp igjen bestanden, seier Johnsen i meldinga.

Men andre typar menneskeleg aktivitet kan også vere delar av forklaringa. Vikingbanken er til dømes langt meir belasta av petroleumsaktivitet enn dei andre områda.

I rapporten peiker forskarane på at Vikingbanken ligg nedstraums for Tampenområdet, som omfattar mange av dei store oljefelta.

Spesiell havbotn

Av «kronisk» forureining står Tampen for 45 prosent av utsleppa av produsert vatn på norsk sokkel. Det svarer til om lag 57 millionar kubikk kvart år. Sidan produsertvatn inneheld små mengder olje, svarar til dette 828 tonn råolje rett i sjøen. I tillegg kjem britiske utslepp.

I rapporten set forskarane fram ei mogleg hypotese om at tobis i område med høg oljeaktivitet har lågare overleving og reproduksjon over tid.

Samstundes er arten avhengig av ein spesiell type grus på havbotnen. Den må ikkje vere for grov, og heller ikkje for fin.

Installasjonar, graving eller endring av sjølve botnen vil kunne øydelegge for tobisen.

– Det kan vere sub-sea-installasjonar til oljenæringa, men også vindmøller som anten er forankra eller planta i botnen. Desse legg beslag på område, og oppføringa kan også herje dei til, seier miljøkjemikar Bjørn Einar Grøsvik i meldinga frå Havforskingsinstituttet.