— Me får dagleg spørsmål om me kan levere kveite, fortalde kvalitet- og utviklingssjef Ole-Kristian Hess-Erga i Glitne, tidlegare Sogn Aqua, under Sats Marint i Bergen tysdag.

Han ville ikkje gå inn på kva produksjonskostnadane er og selskapet tener enno ikkje pengar.

— Produksjonskostnaden er for høg, konstaterte Hess-Erga.

Frå 100 til 700 tonn

Selskapet har brukt dei siste to åra på å byggje opp biomassen. I 2018 vil salet nærme seg 100 tonn, men frå 2021 er målet eit årleg slaktevolum på 700 tonn. Selskapet har også store planar om å bygge eit nytt og større anlegg ved Ortneset der reguleringsplanane er godkjente, men bygginga ikkje starta.

— For å realisere dette anlegget, er det enno mange ting som må på plass. Bakgrunnen for utbyggingsplanane er at marknaden ønskjer meir kveite. Dei største kundane ønskjer stabile og større volum. Det er absolutt potensial for meir kveiteoppdrett. 

Ole-Kristian Hess-Erga i Glitne (tidlegare Sogn Aqua) ser ei lys framtid for kveiteoppdrett, men investorane må vere tolmodige og langsiktige for å få avkastning på investeringane. Foto: Joar Grindheim

Gode prisar

Han fortalde vidare at marknaden for oppdrettskveite er heile verda, men for dei er Noreg og Norden, Storbritannia, Frankrike og USA dei viktigaste landa.

— Prisane er gode. Primært er det heil fisk som går ut, men me ønskjer også å teste ut litt andre produkt. Og me veit at det er mange marknader som kjenner kveita og kan bruke den, sa Hess-Erga.

— I dag er kveite eit nisjeprodukt. Den blir levert til Horeca (hotell, restaurant og catering red.anm), der Sterling White Halibut har gjort eit godt arbeid med å byggje opp marknaden. Men når volumet kjem opp, og produksjonskostnadane vert lågare, så kan det også tenkjast at kveite kan leverast til daglegvaremarknaden, sa han. 

Alt på land

Glitne har brukt tidlegare landbruksområde til å bygge anlegga sine på. Dei har testa ut forskjellige typar kar i det første anlegget i Slantevika. I dag er dette eit reint settefiskanlegg, men her fann dei ut kva kar dei ville gå vidare med når dei bygde anlegget i Ortnevik. Her har det skjedd matfiskproduksjon dei siste to åra.

— Me har brukt desse åra til å bygge biomasse. Anlegget her er inst i ei vik der vegen endar. Du kjem ikkje lengre. Det betyr også at me måtte gå lengre ut i fjorden for å komme djupt nok ned til å hente sjøvatn. Me brukar vatn frå djupna for å få reint vatn. Kara er grunne, maks ein meter djupne, og me forsøker med ulik tettleik, fortalde Hess-Erga.

All produksjon

.

— Det betyr at me er avhengig av at alt fungerer, pumpene må gå og alarmsystem og overvaking må fungere, konstaterte han.