Avtala gjeld for fem år og handlar om forsking og kartlegging av pigghå langs kysten, skriv skulen i ei pressemelding. Kvart år vil VG2 fiske og fangst gjennomføre eit fire vekers tokt med MS «Skulebas». Der skal elevane skaffe data til Havforskingsinstituttet sine estimat og prognosar over bestanden og utbreiinga av pigghå.

Dataa bli så tatt vidare inn i bestandsarbeidet i Det internasjonale rådet for havforsking (ICES).

Strenge reguleringar

Pigghå har vorte ein pest og ein plage for mange fiskarar. Dei må til tider forlate fiskeområde fordi pigghåen overtar dei tradisjonelle fiskeplassane etter andre artar langs kysten. Samstundes er bestanden også sett på som spesielt sårbar og er dermed blitt raudlista. Fiske- og bifangstreguleringane er særs strenge.

Både Norges Kystfiskarlag og Norges Fiskarlag har ved fleire høve spurt etter meir forsking på pigghå. Skulen reknar med å utvikle mykje god kompetanse blant elevar og tilsette på å forstå forsking, offentleg forvaltning, lære praktisk navigering og få realistisk erfaring med forskingsfiske.

Fyrste tokt til hausten

Elevane og tilsette ved skulen skal vere aktivt med i forskingsarbeidet under rettleiing to navigatørar og av forskarane ved Havforskingsinstituttet

Det er fyrste gong instituttet gjer ei avtale med ein vidaregåande skule der formålet er forsking på ein bestand som ikkje har vore forska på før, står det i pressemeldinga.

Det fyrste toktet skal gjennomførast etter haustferien i år. Det skal gå frå Egersund i sør til Rørvik i nord.

Endeleg ein indeks

Havforskingsinstituttet kallar dette «etterlengta» kunnskap om denne haibestanden.

– Både rapportar frå kystfiskarane og våre eigne analysar av pigghå levert som bifangst tyder på at bestanden er i vekst. Men det er ein bestand vi har svært lite nyare data om, seier havforskar Ole Thomas Albert i ei melding frå instituttet.

Samarbeidsavtalen gjeld i fyrste omgang for fem år.

Målet er å skaffe ein langsiktig indeks over utviklinga og samansetninga til pigghåbestanden.

Måløy vart bygd opp rundt pigghåfiske på 1960- og 1970-talet, men bestanden vart overfiska. Etter kvart er kommersielt fiske etter fiske etter pigghå blitt forbode. Foto: Kjersti Kvile