Tidleg i mars vart den første generasjonen av eigenprodusert stamfisk strokne hjå Namdal Rensefisk i Flatanger. Rensefiskanlegget opna i januar 2019 eit eige avlsanlegg for rognkjeks i samarbeid med ei rekke selskap i havbruksnæringa. No er det blitt valt ut ein robust foreldregenerasjon som skal vera meir motstandsdyktig mot sjukdom.

– Me har gjort ein seleksjon for atypisk furunkulose. Det blei gjort når me strauk den første stamfisken. Det blei plukka ut både hannfisk og hofisk som hadde høgare resistens mot sjukdommen, seier administrerande direktør i AquaGen, Nina Santi, til