Mot slutten av året blir skip nummer åtte som er levert sidan august 2013, levert til same selskap. Det blir det sjette fôringsskipet selskapet har levert til Bakkafrost. Dei siste to er levert til Hiddenfjord.

— At lakseoppdrettarane søkjer meir utanskjers med større lokalitetar, gjer at me merker stor interesse for dette konseptet. Aktørar både i Noreg, Island, Skottland, Chile og Russland har vist interesse, fortel Kristian Andreasen i JT Electric til IntraFish som møter han på Aquaculture UK i skotske Aviemore.

Tredjepartsvenleg fôringssystem

Mange aktørar har lagt merke til konseptet til selskapet, og har stoppa opp for ein prat.

— Det er dei ombygde båtane dei fleste har lagt merke til, men det er fôringssystemet som vart utvikla i 2016 me leverer mest av. I fjor, og til no i år, er det levert ti fôringssystem på Færøyane og tre til Skottland, både til sjøanlegg og landanlegg, fortel han.

Fôringssystemet er tredjepartsvenleg, og det kan leverast til alle typar anlegg. Ein treng ikkje kjøpe eit heilt lasteskip for å få det.

Men det er nisjen med å bygge om lasteskip til store fôrflåter selskapet altså er blitt lagt merke til for.

— Skipa toler bølgjegang på opptil 10 meter. Når fleire selskap søkjer seg til meir eksponerte og større lokalitetar, er dette ei god løysing. Skipet ligg ankra opp, men flytter seg med straum og vind. I tillegg har dei ei lang levetid på 30 år, fortel Andreasen.

Reknar med fleire kontraktar

Båtane blir bygde om på verft i Polen. Motoren vert fjerna slik at båten vert utan framdrift, medan generatorar syter for straum om bord. Eit par av fôringsskipa har også fått installert landstraum.

— Båtane kan veldig lett tilpassast individuelt etter kor mange fôringssystem ein ønskjer ut til merdane. Tendensen no er jo at ein styrer fôringa frå land, slik at det ikkje er naudsynt for folk å vere om bord, fortel Andreasen.

Han håpar og trur at selskapet om ikkje lenge kan lande nye kontraktar på ombygde lastebåtar til fôringsskip.

— Eg reknar med me vil underskrive nye kontraktar for dette om ikkje så altfor lenge. Me har kapasitet til å levere to, kanskje tre, ombygde lastebåtar i året. Kven veit, kanskje me kan klar fire også, seier han med eit smil.

Abonner på nyhetsbrevet vårt!