Saman med it-selskapet Funn håpar Sea Eco å få på plass ein pilot som skal kunne gje sanntidsdata til oppdrettsselskapa om algar i fjordane.

- Me såg moglegheita til å kunne få utvikla ei overvaking saman med Funn ved hjelp av den nye sensoren Fluoroprobe. Algar er veldig små og vanskelege å sjå. Dei har heller ikkje fast storleik og form i livssyklusen. Nokon kan symje, medan andre held seg i ro. Det er vanskeleg å vite korleis dei ulike algane vil bevege seg, seier Tone Rasmussen i forskingsselskapet Sea Eco.