- Det me har sett er at amøbane som gir AGD lever på bakteriar og ikkje er avhengig av fisk for å overleve. Me har att amøbar på bakteriekultur sidan 2013, og dei lever godt enno, fortel professor Are Nylund ved Universitetet i Bergen.

At bakteriar kan vere avgjerande for om amøbar gir sjukdom, altså at dei blir høgvirulente, eller ikkje, kjem fram i eit nyleg avslutta forskingsprosjekt finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF).

- Me vart overraska sjølv over funna, fordi me var overtydde om at amøben åleine var skuld i sjukdom. Målet vårt var at me skulle komme opp med ein genetisk markør som kunne seie om det var nødvendig å behandle anlegga mot AGD eller ikkje. Men me fann ikkje genetiske forskjellar som kan forklare virulensen, dermed fall det ut. Det ser ut til at det er miljøet rundt fisken som bestemmer om amøben gir sjukdom eller ikkje, fortel Nylund.

No har gruppa han leier fått ytterlegare

for forske på gjellehelse i tre år framover. Dette prosjektet har oppstartsmøte i neste veke. Seks oppdrettsselskap i Hordaland støttar også prosjektet, og gir forskarane tilgang på lokalitetar og fisk.

Leitar etter den "rette" bakterien

Så langt har forskarane ikkje funne kva bakterie eller bakteriar som gjer amøben virulent. Det er målet å finne ut av i løpet av dei tre kommande åra.

- Me må finne bakterien som gjer dette før me kan seie om ein skal setje i gong behandling eller ikkje. Det viktige er å slåst mot bakterien, ikkje amøben. Amøbane finst over alt i naturen. Det er dei same som er i Noreg, Chile og Tasmania, og dei finst på mange fiskeartar. Nokon plassar gir dei sjukdom, andre plassar ikkje. Klarar me å finne ut kva bakterie det er som fører til dette, så får me mange nye innfallsmåtar til å kjempe mot AGD med, seier Nylund.

I forskingsprosjektet som er avslutta har Nylund og resten av forskarlaget tatt bakteriar frå høgvirulente amøbeklonar og flytta bakteriane til lågvirulente amøbar. Det gjorde at amøbane som ikkje ville gitt sjukdom, plutseleg blei sjukdomsframkallande. Men akkurat kven av bakteriane i bakteriekulturen som var utløysande, veit dei altså ikkje. Det er det som er målet å avsløre no.

- Det som skjer er at bakteriesamansetninga endrar seg, og dermed endrar virulensen seg. Amøbane blir stimulerte på ein annan måte, og me går ut frå at det er nok til at dei produserer enzym som øydelegg gjellene til fisken. Så kan amøbane livnære seg på dei nedbrotne stoffa frå fiskegjellene. Amøbane åleine er ikkje årsak til sjukdom, men kombinasjonen mellom amøbe og dei rette bakteriane for amøbane er dødeleg, forklarar Nylund og fortel at dei også skal jakte på kva enzym som vert produsert.

- Me har ikkje klart å påvise det enno, men me håpar å kunne gjere det i det nye prosjektet, seier han.

Kan få fleire angrepsvinklar mot AGD

Dersom dei klarer å løyse gåta med kva bakterie som stimulerer amøben til å bli farleg for fisken, kan det tenkjast fleire måtar å angripe problemet på.

- Kanskje kan ein klare å lage vaksine mot bakteriegrupper eller overvake bakteriane for å avgjere om det er naudsynt å setje i gong ei dyr behandling eller ikkje. Det er jo forsøkt å lage ei vaksine mot AGD, men desse har ikkje gitt beskyttelse mot amøben. Målet vårt er å finne ut kva som stimulerer amøben til å gje sjukdom og skade laksen, og finne betre måtar å behandle fisken på, seier Nylund.

Forskarane har også sett at amøbane kan gje mekaniske skader på fisken.

- Alle dei epitelceller på fiskegjellene har små fingeravtrykk. Me ser at amøben beveger seg rundt på gjellene og øydelegg slik at slimet som beskyttar epitelcellene blir borte, seier Nylund.

Dagens behandlingsmetodar mot AGD kan dermed i staden for å hjelpe, heller vere med på å skade fisken fordi den naturlege bakteriefloraen vert forstyrra.

- Behandling med hydrogenperoksid er jo på veg ut, men behandling med ferskvatn fjernar også den naturlege bakteriefloraen frå fisken. Då fjernar ein kanskje også nokon av dei gode saltvassbakteriane som fisken treng for å beskytte seg. Det veit me ikkje. Men fisken treng bakteriar i huda for å beskytte seg, akkurat som menneske treng bakteriar i tarmen for å overleve. Det handlar om å passe på dei gode bakteriane for å beskytte fisken, seier Nylund.