Fiskeridirektoratet har ansvar for forvalting av tilskot til fiskeriforsking finansiert av fiskeriforskingsavgifta. No ligg søkeskjema ute på deira heimesider. 

Tilskotsordninga skal først og fremst bidra til å dekke kostnader for å innhente kunnskapsgrunnlag for ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane, men kan også etter ei konkret vurdering nyttas til å hente inn annan kunnskap for å realisere føremålet i havressurslova. Tilskotet skal berre dekke kostnader til bruk av fartøy og andre ekstrakostnader ved toktverksemd.

I forslaget til statsbudsjett for 2019 er tilskotsordninga sett til 15 millionar kroner, 7 millionar mindre enn i 2018-budsjettet. 

«Behovet for tilskuddsordningen har vært lavere enn forutsatt, og det foreslås derfor å omdisponere midler», står det i budsjettforslaget frå Nærings- og fiskeridepartementet.