- CleanTreat kan opne opp for nye medisinar i lakseoppdrett, sidan mange medisinar aldri vil bli godkjent om dei vert slept ut i naturen. Men no, når me har laga eit system for å reinse alt vatnet før det blir sleppt tilbake i sjøen, vil det vere mogeleg å ta dei i bruk, sa Matt Haslam, sjef for CleanTreat i Benchmark på eit seminar under Aquaculture UK forrige veke.

Benchmark lanserte i fjor CleanTreat. Sidan desember har løysinga som reinsar vatnet for alle medisinrestar vore testa ut i Noreg. 

Supplyskip frå oljenæringa

Haslam vil til IntraFish ikkje opplyse kvar testane er gjort, eller med kva selskap dei jobbar saman med. Heller ikkje resultata av testane vil han seie noko om no.

- Beklagar, det er ting eg ikkje kan snakke om av konkurranseomsyn, seier han.

CleanTreat reinsar badevatnet etter at laksen er behandla i lukka system, typisk i ein brønnbåt. Ingenting vert slept tilbake i sjøen før vatnet er heilt fritt for alle spor av medisinar. Medisinrestane vert resirkulerte.

- No er me i ein fase der me modifiserer utstyret. Kapasiteten til brønnbåtar er ein flaksehals. Difor har me montert utstyret på eit supplyskip frå oljenæringa, som ligg inntil brønnbåten og tar seg av alt behandlingsvatnet. På den måten kan brønnbåten behandle fisken, og så tar den andre båten seg av reinsinga av vatnet, fortalde han på seminaret.

- Må ta omsyn til miljøet

Han gjorde også eit poeng ut av at fisken blir behandla kortare med medisin enn til dømes med ferskvatn.

- Ved bruk av medisinar er det snakk om minuttar eller kanskje ein time, ikkje fleire timar slik det er med ferskvatn mot AGD eller lus. Og fisken toler bademedisinar langt betre enn kva som helst mekanisk behandling, sa han.

Haslam var spesielt oppteken av kor viktig det er for næringa å drive på ein måte som ikkje skadar miljøet.

- Lakseoppdrett har, ufortent eller ikkje, eit rykte på seg for å skade miljøet. Om industrien skal vekse, må ein difor ta omsyn til kva det gjer med miljøet. Næringa må gjere ein ekstra innsats om den skal doble produksjonen innan 2030, sa Haslam.