Utan den uregistrerte fiskedøden kunne kvotane vore 10–20 prosent høgare, viser ny forsking, melder Havforskingsinstituttet.

Instituttet opplyser at det er konklusjonen i ein ny vitskapleg artikkel. Der har havforskarane sett på andre studiar av uregistrert fiskedød for sild og makrell i Nordaust-Atlanteren. Deretter har dei undersøkt konsekvensane det har for bestandsovervaking og kvoteråd.

Kvotane kan bli sett på feil grunnlag

Tre ting kan føre til uregistrert fiskedød: utkast, å sleppe ut fisken frå nota, at nota sprenger.

– Hovudutfordringa med denne typen fiskedød er at når fisken aldri blir landa, blir den heller aldri registrert. Dermed går han under radaren når vi forskarar skal berekne kor store fiskebestandane er, seier havforskar Maria Tenningen i ein artikkel på instituttets nettsider.

Maria Tenningen, forskar ved Havforskingsinstituttet. Foto: Camilla Aadland

Dette kan føre til at kvotane blir sett på feil grunnlag. Fisket kan då bli anten mindre berekraftig eller mindre lønsamt.

– For dei store makrell- og sildebestandane er det snakk om betydelege ressursar som går til spele, fortset Tenningen.

– Hiver verdiar på havet

Forskarane har gått gjennom andre studiar som forsøker å måle kor mykje fisk som går tapt. Dei kjem fram til eit stort spenn, men uansett monalege mengder fisk som heller kunne bidrege til 10–20 prosent høgare fiskekvotar.

– Her hiver vi bokstavleg talt verdiar på havet. Samfunnet kan gå glipp av eit fiske på mellom 50 og 200 tusen tonn i året, avhengig av art og dødelegheitsscenario. Det har førstehandsverdi på opptil 341 millionar euro for makrell og 55 millionar euro for sild, basert på 2019-prisar, seier forskaren.

Ho presiserer at anslaga er veldig usikre og at det truleg er store mørketal.

På kort og lang sikt, er det viktig at vi får betre tal på denne typen fiskedød, seier Tenningen.

– Då kan vi ta han med som ein faktor når vi skal berekne kor store fiskebestandane er, seier ho.

Tenningen ser føre seg eit samarbeid med Kystvakta eller ein pilotstudie på eit knippe frivillige fiskebåtar som eit logisk neste steg.