Det kom fram under første del av Teknas havbrukskonferanse i Bergen onsdag.

- Ein må ha grunnlaget på plass når ein skal bygge. Grunnlaget i fiskeoppdrett er velferd, helse og biologi. Det handlar om data og å finne gode velferdsindikatorar for å måle helse og velferd, sa forskar og veterinær Kristine Gismervik frå Veterinærinstituttet i sitt innlegg på konferansen.

Ho understreka at det er viktig å sjå på talet på fisk som dør og årsaka til at dei døyr, skriv IntraFish.