Ein haug av folk strøymer ut i lokalkontora hos Los Marine. Vekemøtet er nettopp avslutta, og 15-20 prosjekt er vridd og vendt på for å finne ut av status og fakturering.

Dei har travle dagar no med det største prosjektet som nokon gong har vore her i hamna på Rubbestadneset på Bømlo.

- Det er sånn det skal vere, det er det som er kjekt, seier dagleg leiar Olav Hilmar Koløy etter at han har strekt fram ein sterk neve som sidan har skjenkt i kaffi.