Då forskarar simulerte økosystemet i Norskehavet, avdekka dei ingen negative konsekvensar av raudåtefiskeriet, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider.

For å sjå om og korleis økosystemet i Norskehavet vert påverka av fisket etter raudåta, brukte forskarane ein avansert modell av økosystemet.

– Vi hadde med raudåte, sild og ikkje minst fiskebåtar som «gjekk» rundt i modellen vår og fiska, seier havforskar Cecilie Hansen i meldinga.

Undersøkte meir effektivt fiske

Mellom anna brukte forskarane ein type fartøy som var «perfekt opplyste», for å ta høgde for korleis eit meir effektivt fiske i framtida vil slå ut.

Dei ti «perfekt opplyste» fartøya klarte å fiske 54.000 tonn til saman i året. Det er tre gongar meir enn fartøy som fiskar i dag om ein legg til grunn at alle dei ti lisensa vert brukt.

Då forskarane sette inn 60 «perfekte» fiskebåtar i modellen, auka fangsten til 349.000 tonn i året. Likevel fann ikkje forskarane nemneverdige konsekvensar for økosystemet, endå fangsten vart 30 prosent høgare enn dagens anbefalte kvote.

– Verken volumet på raudåta, eller volumet på NVG-silda endra seg. Det er ein indikasjon på at ein auke i fiskeriet kan vera berekraftig, seier Hansen i meldinga.

Krevjande fiske

Prosjektet viser også kor krevjande fisket er.

– Vi utrusta dei «perfekte» båtane med optimale tilhøve: Dei kunne «gå ut på havet» kvar dag, dei fekk optimalt vêr kvar einaste gong, og dei visste akkurat kor dei skulle fiska etter raudåta. Likevel trengde vi altså heile seksti fartøy for å få fiska opp såpass.