Kva er det eigentleg som gjer at den vårgytande silda gyter nettopp om våren? Og kva skal til for at gytetidspunktet endrar seg? Det er havforskarar no i ferd med å finna ut, melder Havforskingsinstituttet.

– Vi ønskte å testa om gytetida er påverka av daglengda, som aukar om våren og minkar om hausten, fortel forskar Florian Berg, som leia studien, i ein artikkel på instituttets nettsider.

Studerte effekten av variasjon i lyset

For å finna ut dette har Berg og kollegaene gjort eit eksperiment over tre og eit halvt år. Dei avla opp larvar av vårgytande sild i to like tankar. I den eine tanken styrte dei lyset slik at det følgde den naturlege dagslysvariasjonen i havområdet utanfor Bergen der silda blei fanga.

Florian Berg, havforskar. Foto: Paul S. Amundsen/Havforskingsinstituttet

I den andre tanken blei lysregimet forskove med seks månader – slik at «dagane» blei lenger i tanken parallelt med at dei blei kortare i naturen, og motsett.

Temperatur, mattilgang og andre miljøforhold var elles identisk i dei to tankane, slik at forskarane kunne studera effekten av berre variasjonen i lyset.

Gytte seinare

– Ved å manipulera fotoperioden let vi sild som var klekt om våren, veksa opp med haustlys. Derfor var vi interesserte i å sjå om dei blei gytemodne etter tre år, som normalt – eller etter tre og eit halvt år, når dei opplevde sin tredje «vår», forklarer Florian Berg.

Resultatet var at silda som fekk manipulert fotoperioden venta til dei opplevde at dagane blei lengre før dei blei gyteklare. Gyteperioden blei altså forskove med seks månader.

Med andre ord ser det ut til at det er fotoperioden – daglengda – som styrer den biologiske klokka til silda, skriv instituttet.