Forskarane sjekkar genetikken til Jan Mayen-torsken

Havforskarane vil no sjekke genetikken til torsken som «Loran» fiska ved Jan Mayen.

Fiskebåt opplyser på sine nettsider at torsken som linebåten «Loran» fant ved Jan Mayen, blei diskutert på medlemsmøte for kvitfiskflåten i Ålesund, der også havforskar Bjarte Bogstad var til stades.

Førebels veit ikkje havforskarane kvar torsken som er funne ved Jan Mayen kjem frå. Så langt ser det ut til at fisken er ni år eller eldre, seier fagansvarleg ved Havforskingsinstituttet, Bjarte Bogstad.

— Vi har tatt prøver frå seks stasjonar ved Jan Mayen og vil no også sjekke genetikken til fisken. Dette kan vere torsk frå Island, Grønland eller Barentshavet, men ut ifrå kartet er Jan Mayen nærare plassert Island og Grønland, enn Barentshavet, seier Bogstad.

Bogstad har også sjekka tidlegare prøver frå 2010 og 2011, som i liten grad likna på Barentshavstorsk.

— No jobbar vi vidare med å få oversikt over andre historiske observasjonar og rapporterte fangstar, seier Bogstad.

(Vilkår)
Publisert 20. November 2018, kl. 07.03Oppdatert 20. November 2018, kl. 07.03