Det sa Hans Inge Algrøy, regionsjef Havbruk Vest i Sjømat Noreg, under innleiinga til Sats Marint-konferansen i Bergen tysdag.

— Lakseproduksjonen i verda flatar ut, og det er mange restriksjonar på det, så det er ikkje sikkert det blir så mykje vekst. Difor er det kanskje større moglegheiter samfunnsmessig på andre artar enn laks framover, sa Algrøy.

Tilpassa regelverk

Han peika på at FNs matvareorganisasjon FAO estimerer ein global nedgang på 14 prosent i villfangst av fisk.

— Det betyr at akvakultur må auke produksjonen med 70 prosent for å kompensere for bortfallet av villfanga fisk. I Noreg skjer 88 prosent av matvareproduksjonen i havet medan 12 prosent er på land. Det er ikkje i Noreg all vekst skal komme, men i Noreg har me reint vatn, teknologi, kunnskap og politisk vilje til å satse på akvakultur. Det er viktige føresetnader for å kunne auke produksjonen, sa Algrøy og la til at ein treng eit tilrettelagt og tilpassa regelverk til dei enkelte artane.

Hans Inge Algrøy i Sjømat Norge meiner det er nødvendig å satse på andre oppdrettsartar enn laks i Noreg for å få til ønska vekst i matproduksjonen frå havet. Foto: Joar Grindheim

— Og me må satse på andre artar enn laks fordi verda må produsere meir mat i havet. Folkeveksten er på rundt 80 millionar menneske kvart år. Levealderen går opp og barnedødelegheita går ned. Det er behov for meir mat, og me kan ikkje dyrke så mykje meir på land av ulike årsaker, konstaterte Algrøy.

Kveiteoppdrett i vekst

Grethe Adoff frå Norsk Sjømatsenter gav ei statusoversikt på oppdrett av marine artar i Noreg.

— Mange blir overraska når dei får vite at det skjer oppdrett av andre artar enn laks i Noreg, sa Addoff og viste til at det i Fiskeridirektoratet sine register viser at det er fleire hundre konsesjonar til oppdrett av andre artar enn laks.

Flest konsesjonar på oppdrett av rognkjeks og anna reinsefisk til laksenæringa, men det er framleis rundt 100 konsesjonar til torsk, nær 50 på steinbit og ti på ein art som ål.

— Men det er dessverre ikkje lett å få oversikt over kor mange av konsesjonane som er i bruk, sa ho og fekk hjelp av Rolf Nordmo i Fjord Marin.

— Så vidt eg veit er det berre tre av dei som i aktivt bruk, fortalde han.

Voluma stig

Adoff peika spesielt på kveite som ein marin art som er i vekst, der dei årlege voluma stig sakte men sikkert år for år. I 2017 vart det slakta nær 1800 tonn kveite og produserte rundt 1500 tonn med yngel.

— I dag er det fire kveiteoppdrettarar som er aktive med matfisk, med lang erfaring, og fire som produserer yngel, men det er ikkje heilt dei same selskapa. Det er blitt betre tilgang på yngel, og i dag er det yngel for sal for dei som er interesserte. Og det er fokus på kvaliteten på yngelen, fortalde ho.

Adoff meiner også at piggvar er ein art fleire kunne satsa på. I dag er det berre Stolt Sea Farm som produserer det, og i fjor vart det slakta rundt 280 tonn.

— Me importerer yngel frå Spania. I Sør-Europa er det store anlegg for piggvar-oppdrett, og prisane er gode. I Noreg har me kunnskapen til å produsere denne arten. Den treng oppvarma vatn, men det er ikkje eit problem i dag. Her kan — og bør ein — utnytte spillvarme, sa Adoff.

Ny giv for torsk

Torskeoppdrett hadde si storheitstid fram mot 2010 då det vart produsert rundt 20.000 tonn oppdretta torsk i Noreg. No ser Adoff nye moglegheiter.

— Den er godt eigna som oppdrettsart, og ein har hatt eit godt avlsarbeid. I tillegg er villfanga volum på veg nedover slik at prisane også er gode, sa ho.

Steinbit er ein annan art som er eigna for oppdrett, spesielt i Nord-Noreg med låge vasstemperaturar.

— I dag er det berre ein aktør dom driv oppdrett v steinbit, men dei er positive. Det er låg dødelegheit og god produksjon. Ei utfordring er reproduksjon sidan steinbiten har lang inkubasjonstid. Men det vert drive forsking på dette, og mange meiner steinbit er ein veldig undervurdert oppdrettsart. Tilbakemeldingane frå restaurantmarknaden er også at kvaliteten er god, fortalde Adoff.