Den nordiske klinkbåttradisjonen kom på Unesco si liste over den immaterielle kulturarven i verda denne veka.

Dette er ei stadfesting av at tradisjonen og kunnskapen må sikrast i framtida, skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

Noreg har frå før Oselvarverkstaden, Setesdal-tradisjonen og Nidarosdomens restaureringsarbeid på UNESCO sine lister over immateriell kulturarv, men det er første gongen Unesco har fått ein nominasjon frå eit samla Norden.

Den klinkbygde trebåten si historie strekkjer seg minst 2000 år tilbake i tid, skriv Kulturrådet. Teknikken er kjenneteikna ved at dei overlappande treborda, eller plankane, er sette i hop på ein spesiell måte med jern- eller koparnaglar. Mykje av verktøya er framleis dei same som har vore brukte tradisjonelt: Øks, høvlar, klammere og leggfjøler. Mange båtbyggjarar lagar i tillegg sine eigne verktøy.

Det er denne kunnskapen, som har blitt vidareført frå generasjon til generasjon, som er den immaterielle kulturarven.