Nils Gunnar Kvamstø (57) gler seg over å ta fatt på eit seks års åremål, ved roret ved Havforskingsinstituttet, skriv instituttet i ei pressemelding.

– Eg er begeistra, stolt og motivert til å ta fatt på jobben saman med dei dyktige tilsette på instituttet, seier Kvamstø i meldinga.

Den nye havforskingsdirektøren voks opp i Arna utanfor Bergen, er utdanna meteorolog og professor i faget. Han kjem frå stillinga som marin dekan ved Universitetet i Bergen.

Han har mellom anna arbeid med klimamodellering og -analysar, og var sentral i oppbygginga av klimamodelleringsaktiviteten ved Bjerknessenteret for klimaforsking og i etableringa av Bergen Offshore Wind Center.