I forslaget til statsbudsjett føreslår regjeringa at prosjektet for samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen avsluttast.

Det skal vurderast nærare korleis ein kan vareta dei bygningsmessige behova til Havforskingsinstituttet. Behovet for nye lokalitetar i Bergen vil inngå i vurderinga, heiter det i meldinga.

– Budsjettet for 2023 satsar på tryggleik og rettferdig fordeling og det betyr tøffe prioriteringar. Regjeringa foreslår at det blir sett av 20 millionar kroner til å greie ut korleis dei bygningsmessige behova til Havforskingsinstituttet skal varetakast.