– Avtalen med Færøyane er viktig for oss. Norske fiskarar har lange tradisjonar for å fiske i færøyske farvatn. Det er bra at vi har fått på plass ein avtale som vidarefører desse fiskemogelegheitene også i 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding fredag.

Avtalen for 2023 fører vidare kvotenivået frå i år:

  • Det betyr at kvota på lange/blålange blir 3 000 tonn, brosmekvoten haldast på 1 500 tonn.
  • Kvota for bifangst for andre artar på 800 tonn og makrellkvota på 6 600 tonn vidareførast frå i år.