Fiskebåt melder på sine nettsider at råderetten over havområda i nord blir ei av sakene på Fiskebåt Nord sitt årsmøte i Tromsø i november.

— Norges råderett over havområda i nord blir stadig utfordra. Ikkje minst har vi sett det denne hausten i samband med at EU vil fiske meir enn tildelt kvote ved Svalbard. Vi opplever også stadig at Russland gjennomfører store militærøvingar som fører til problem for fisket, seier Tor Are Vaskinn, avdelingsleiar ved Fiskbåt i Tromsø.

Fiskeripolitikk på agendaen

Fiskebåt opplyser at fiskeripolitikken til den nye regjeringa blir også eit sentralt tema under årsmøtet i Troms 24. og 25. november.

I år blir det lagt opp til at årsmøta i dei tre regionlaga i Fiskebåt blir ordinære fysiske arrangement, dette gjeld møtet i Tromsø og årsmøta i Fiskebåt Vest, 3. desember og Fiskebåt Sør, 7. desember.