Grotle grunngav sitt spørsmål med å vise til ei utsegn som Arbeidarpartiet si fiskeripolitiske talskvinne Cecilie Myrseth hadde i Nationen den 20. august i år. Der teikna ho eit anna bilde enn at det i dei siste åtte åra har vore svært gode for norske fiskeri, meinte han og viste også til påstand frå Myrseth om at det rår eit evinneleg kaos og ei uro langs kysten.

Olve Grotle (H) Foto: Stortinget

– Myrseth slår fast at Arbeidarpartiet vil styrke kystsamfunna ved å overføre ein større del av kvotane frå havfiskeflåten til kystfiskeflåten, og hevdar at havfiskeflåten og dei større kystreiarlaga for lenge har fått dominere fiskeripolitikken, skriv Grotle i sitt spørsmål til fiskeri- og havministeren.