Det gjer dei på grunn av auka i CO2-avgifta.

Regjeringa vedtok innføring av full CO2-avgift for fiskeflåten frå 1. januar 2020. Samstundes vart det etablert ei kompensasjonsordning for fiskeflåten på nivå med inntektene frå avgifta, med plan om gradvis nedtrapping.

– For å hauste erfaringar av den gjeldande kompensasjonsordninga for fiskeflåten, vil nedtrappinga av kompensasjonen utsetjast. I lys av forslaget om å auke CO2-avgifta vil regjeringa auke kompensasjonen frå 255 til 305 millionar kroner, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding i samband med statsbudsjettet som vart lagt fram tysdag.

Tre grupper

Regjeringa meiner ordningane samla sett vil gi sterkare incentiv for å redusere utslepp samstundes som den samla avgiftsbelastninga blir redusert.

– Med ei forlenging av kompensasjonsordninga vil fiskeflåten få betre tid til å finne gode innretningar på korleis CO2-avgifta kan tilbakeføras til flåten og stimulere til grøn omstilling, seier Ingebrigtsen.

Regjeringa har vedteke at kompensasjonsordninga skal delast inn i tre grupper, som vil bestå av kystflåten, havflåten og kystrekeflåten.

Ei auke på 28 prosent

Nærings- og fiskeridepartementet vil opprette ei arbeidsgruppe med mellom anna representantar frå fiskeflåten for å vurdere denne innretninga.

I budsjettforslaget har regjeringen foreslått å auke CO2-avgifta i Norge med 28 prosent utover prisjustering - frå 591 kroner til 766 kroner i 2022. Regjeringens klimamelding har varsla ei gradvis opptrapping til 2000 kroner per tonn innan 2030.

Vil ikkje skåne fiskeria

Natur og Ungdom jublar over at CO2-avgifta blir auka med 28 prosent.

– Men regjeringa er ikke konsekvent nok når de absolutt skal skåne fiskeriene. Selv om de sier at avgifta ikke skal kompenseres på måter som svekker klimagevinsten, så foreslår regjeringa å øke kompensasjonen til fiskeriene med 50 millioner kroner. Her må den nye regjeringa være tøffere og tørre å ta forurenser-betaler-prinsippet inn i fiskeriene også, seier Therese Hugstmyr Woie, leder i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Ho meiner AP og SP må trappe ned denne kompensasjonen, fordi også fiskeria må halvere utsleppa innan 2030.

– Det er de små kystfiskebåtene som har lavest drivstofforbruk per fangst, og de må bli mer lønnsom på bekostning av store havgående båtene med høyt drivstofforbruk. Vi må heller sette fart på omstillinga ved å få flere ordninger fra Enova for eksempel, og bruke kvotepolitikken til å styrke de mest miljøvennlige fiskeriene. Også må vi tåle at de mest energikrevende fiskemetodene ikke nødvendigvis har livets rett framover, seier Woie.