Det melder Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

– Særleg barn og unge et for lite sjømat. Det ønsker regjeringa å gjere noko med, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i meldinga.

Sjømattiltaka skal bidra til meir kunnskap og engasjement om sjømat blant barn og unge. Både organisasjonar og privatpersonar har søkt om pengar. I år får 14 av 31 søkerar tildelt pengar.