Alle turistfiskebedrifter som er registreringspliktige skal informere gjestane sine om regelverket for sports- og rekreasjonsfiske. Dette gjeld også reglane om omsetjing og kvoter for utførsel.

Det skriv Fiskeridirektoratet.

Nytt regelverk og nye brosjyrar

Årets brosjyrar med regelverk for turistfiske er på veg ut til alle registrerte turistfiskebedrifter.

Vi er i ferd med å pakke og sende ut nye brosjyrar på engelsk, tysk, russisk og polsk til alle registrerte turistfiskebedrifter.

Brosjyrane inneheld det nye regelverket for turistfiske.

Kast gamle brosjyrar

Gamle brosjyrar må kastast/gjenvinnast, då dei ikkje lenger innheld korrekt informasjon.

Dersom di bedrift står i vårt register, men du likevel ikkje får informasjonsmateriellet vi sender ut, må du sende oss ein e-post. Så skal vi sørge for at du får tilsendt årets materiell.