Kristoffer Karstensen

Stilling: Lokalitetsleiar og tredjegenerasjons oppdrettar i E. Karstensen Fiskeoppdrett

Alder: 22 år

Bustad: Florø

Oppvaksen: På øya Batalden utanfor Florø

Utdanning: Fagbrev i akvakultur

Sivilstatus: Kjæraste

Som liten gut ville Kristoffer heller vere med på levering av fisk enn å gå i barnehagen. No er han lokalitetsleiar – og i korta ligg det at han skal vere med å ta over familiebedrifta utanfor Florø. Ei bedrift som omset for 130 millionar kroner i året – og har 54 millionar av dei i forteneste.

– Korleis er det å skulle forvalte så store pengesummar?

– Det er det som er verst, å forvalte mykje pengar. Men me lærer mykje om økonomien i det og korleis det verkar. Og me har ein rekneskapsførar som kjenner oss godt. Så lenge ein er flink til å spare pengane og ikkje bruker opp alt, er det bra. Ein må gjere seg klar for dårlege tider. Det er viktig, seier 22-åringen.

Kristoffer Karstensen sit oftast heilt aleine på fôrflåten på Grunnsøya, 20 minutt med båt frå Florø.

– Det er bikkjekaldt – minus 10. Men me får vinden rett inn, så det kjennest verre, seier den unge oppdrettaren over telefonen frå lokaliteten.

05. januar var det er tomt for fisk i merdane.

– Kor nøgde var de med prisen på det som blei slakta?

– Det kunne vore betre, men me produsert ein billig fisk, med ingen avlusing – så det gjekk greitt. No skal heile anlegget bytast ut. Me skal få heilt ny betongflåte og plastringar her ute.

Oppvaksen på merdkanten

Far til Kristoffer, Nils Tore Karstensen, eig og driv bedrifta saman med broren Geir Karstensen.

– Eg er født og oppvaksen på merdkanten, så å seie. Det er det familien har drive med heile tida. Bror min bur i Oslo og skal nok ikkje inn i bedrifta. Men eg har tre søskenbarn som jobbar her også.

Karstensen gjekk akvakulturlinja på Måløy vidaregåande – og tok spesiell studiekompetanse og fagbrev over fire år. Han var ikkje heilt sikker på kva han skulle gjere etterpå.

– Eg jobba her medan eg tok utdanning, og eg synest det var kjekt. Eg fekk plutseleg ansvar for ein lokalitet – så då blei det slik. Sidan har eg drive me dette og vore veldig nøgd med jobben.

IntraFish har tidlegare intervjua Kristoffer om kor vellukka fiskeproduksjonen har vore på Grunnsøya. Dei har ikkje hatt behandling av laksen på to år – og held lusa vekke ved hjelp av reinsefisk og laser.

– Ligg det i korta at du skal ta over?

– Eg håpar det. Det ligg i planen. Det blir saman med søskenbarna mine. Far min er berre 52 år, men han seier han skal pensjonere seg snart. Eg trur ikkje på han, ler Kristoffer.

– Store sko å fylle

– Er det tøft å skulle ta arven vidare?

– Det er skummelt som berre det. Men eg får god opplæring. Det er spennande med framtida til næringa. Så lenge me klarer å gjere det like godt som dei, er det bra. Men det er store sko å fylle.

Kristoffer Karstensen med slakteklar laks tidlegare i vinter. Foto: Privat

Kristoffer har i alle fall fått ein god start med den avlusings-frie lokaliteten Grunnsøya.

– Eg liker å tru at han (faren, red.anm.) er fornøgd, eg har ikkje fått kjeft i alle fall. Det må vere positivt, seier 22-åringen med eit smil.

– Har det vore press på at du skulle gå inn i familiebedrifta?

Nei, eg fekk beskjed om å ikkje gå inn i næringa, dei ville meg ikkje så vondt. Eg gjorde det motsette, seier han med ein spøkefull tone, og legg til:

Det var veldig hardt på 90-talet og starten på 2000-talet. Det var lave lakseprisar. Det har alltid vore dei brørne som har halde på. Dei var slitne og lei – det var hardt arbeid. Det er forståeleg.

Men dei siste åra har det vore ei stor utvikling i drifta.

– Me er blitt mange fleire folk, ergo arbeidet blir lettare. Teknologien har blitt noko heilt anna også – og så har fortenesta endra seg. Det er andre premissar no.

Bilde frå lokaliteten Grunnsøya som ligg vêrhardt til i Frøysjøen i Sunnfjord. Totalt har dei 1800 tonn fisk på Grunnsøya. Foto: Privat Foto: Privat

Selskapet hadde eit driftsresultat på 54 millionar kroner etter skatt i fjor og ei omsetning på 129 millionar kroner. Det gjev ei driftsmargin på 42 prosent. Dei driftar fire konsesjonar og tre lokalitetar i samdrift med Marø Havbruk.

– Kva gjer du når du ikkje jobbar?

– Eg jobbar mykje, men har litt fritid. Eg var veldig glad i å reise heilt til korona kom. Men eg er også glad i å vere ute. Eg driv og dykkar mykje med luft. No er det endeleg kome snø og eg er på topptur på ski nesten kvar dag. Eg er heilt i himmelen over det.

– Følte eg var den «slemme» fyren

Den jordnære 22-åringen er godt klar over at han er i ein bransjen som ikkje berre folk jublar over.

– Før blei eg ofte ganske lei. Folk møtte meg og eg følte eg var den «slemme» fyren, men eg er blitt vant med det. Og i koronatida har det blitt veldig stille. Når det er låge prisar og me ikkje tener så godt, då er me ikkje så ille. Men ein kan berre ta ein tur på Facebook, så står det mykje stygt om oss. Eg heldt meg unna det.

Men er det ei berekraftig næring med dei utfordringane som er med lus og sjukdommar?

– Eg føler det er mykje feilinformasjon blant folk, det er til dømes mange som seier me bruker mykje antibiotika, men det er lenge sidan. Eg fortel korleis det eigentleg fungerer – då kan dei velje sjølv kva dei meiner.

Kristoffer Karstensen kan vere godt fornøgd med resultatet av 2019-utsettet på Grunnsøya. I vinter slakta dei fisk på nesten 7 kilo som ikkje måtte avlusast. Foto: Privat

Sik eg ser det, er vi berekraftige. Me har ting å forbetre oss på, men me ligg godt an samanlikna med anna matproduksjon. Me driv også mykje med elektrifisering av bransjen. Me kan alltid bli betre – men me er godt på veg. Det er kjekt at me kan seie at me har gode lusetal og at me bidreg positivt der.

– Kva ville du gjort dersom du var fiskeriminister for ein dag?

Eg hadde ikkje gitt kollektiv straff på dei trafikklysa. Eg hadde gått inn individuelt og gitt reaksjonar. Men eg er litt inhabil der.

E. Karstensen er eit av selskapa som har saksøkt staten for det dei meiner er feilaktig raudt lys og nedtrekk i produksjonsområde fire.

Landbasert eller sjø?

– Kva er den største utfordringa til næringa?

– Lus og sjukdom. Når det gjeld sjukdom kjem det heile tida nye ting. Og så blir det spennande framover kor utviklinga skjer, om me må på land heile gjengen eller om me får lov til å drive i sjø. Fordelen er at me har dette havet og kan drive i det. Eg meiner at me ikkje kan putte alt på land. Det blir utfordrande for oss som er i sjø kva som skjer vidare.

– Er du uroa?

-Eg er litt bekymra, det er ikkje alle her i selskapet som er det. Men når eg har snakka litt med politikarar, liker eg ikkje heilt det eg høyrer. Eit lite selskap som oss har ikkje råd til å gå på land.

Enn så lenge har ikkje selskapet investert i lukka teknologi.

– Me har investert i opne merdar. Me har sett litt på lukka, men det er tidleg for oss å investere, me er små og må vente litt. Me har gode lokalitetar, og har ikkje slite med sjukdommar eller lus – då er det ikkje så viktig for oss å få det lukka, avsluttar Kristoffer.