Skjema for å rapportere fangst frå turistfiskebedrifter er klart, melder Fiskeridirektoratet

– Vi kan ikkje ta imot epostar eller rapportar per post eller faks – berre digitalt innsende fangstrapportar vil bli registrert, seier seniorrådgivar Trond Ottemo i Fiskeridirektoratet i meldinga. 

Per 13. februar har 451 verksemder registrert seg i turisfiskeregisteret, og alle desse er pålagt å rapportere all fangst som gjestene deira får av dei fem artane torsk, sei, uer, kveite og steinbit.

På skjemaet skal verksemdene rapportere mengda fisk per båt per tur – også såkalla nullfangst ved at gjestene ikkje får nokon av dei fem artane i det heile. Dessutan skal det rapporterast kor mange fisk av dei fem artane som vert sett tilbake i sjøen på den enkelte tur.