Sandnes Fiskeoppdrett, som har lokalitetar på Fure i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane, auka inntektene med 11,5 prosent til 147,7 millionar kroner i 2017. Driftsresultatet var stabilt på 66,5 millionar kroner, noko som gav ein driftsmargin på 45 prosent for fjoråret.

— Selskapet har i ei årrekke levert solide overskot. Sjølv om pris og etterspørsel kan variere frå år til år, vurderer styret det slik at selskapet også dei kommande åra vil ha stabil drift og levere positive resultat, skriv styret i årsrapporten.

Selskapet