Fiskevegn på Flatraket i Nordfjord har nett levert si største ordre nokonsinne til Australia sitt største fiskerirederi, Austral Fisheries. 

Datterselskapet til Fiskevegn, Best Fishing Gear,leverar òg eit automatisk egnesystem til den nyaste båten deira "Isla Eden".

Dagleg leiar i AS Fiskevegn Trond Inge Kvernevik meiner spådommane om norsk industridød i denne bransjen ikkje er sanne.

– Det vellukka samarbeidet med det australske selskapet Austral Fisheries er eit godt døme på at ein i tillegg til å tilby kvalitetsprodukt og leveringsevne, må bidra med kompetanse og vere ein sparringpartnar for kundane for å hevde seg i ein tøff, internasjonal marknad innan fiskerireiskapar, seier han.

Eit