I Davikreiarlaget har «Koralen» og «Koralhav» vore velkjente båter gjennom mange år i Brattvåg. No er to autolinebåtar med same namn tilbake i bygda, men i regi av reiarlaget Koralhav, melder lokalavisa Nordre.

Etter det siste kjøpet av ein eldre autolinebåt frå Ervik Havfiske i desember, har reiarlaget Koralhav, med dotterselskapet Koralfjord, blitt ein av dei største innan fiskebåtnæringa i Haram.

Dei har også klart å skape arbeidsplassar til om lag 60 personar.

- Det er det å skape arbeidsplasar som er det artige med dette. Samtidig at vi kan levere til den lokale fiskeri-industrien, seier skipper og reiar Ronny Nogva.

I 2017 kjøpte reiarlaget autolinebåten «Seir» av Grytastrand-reiarlaget med same namn, og gav denne namnet «Koralhav».

Den første « Koralen» vart for nokre år sidan ombygd til å drive snøkrabbefiske, men vart i desember i år seld til utlandet. Samstundes kjøpte reiarlaget autolinebåten «Keltic» frå Ervik Havfiske. Denne har no blitt den nye « Koralen», skriv avisa.