– Vi bør fase ut norsk oljeproduksjon på planlagt måte frå ein topp i 2020 til ingenting i 2040, seier professor Jørgen Randers til NRK

Randers er tidlegare rektor og professor i klimastrategi ved Handelshøyskolen BI. Han leia også Stoltenberg-regjeringa sitt Lavutslippsutval.

Randers meiner at samfunnet ikkje tek innover seg at skal verda nå klimamåla vil bransjen verta ulønsam, skriv NRK.

Professoren vil bruke oljepengane på utdanning til dei som missar jobbane.