– Dagens gjenoppbyggingsplan ser ut til å ha stoppa nedgangen i bestanden, men vi strevar med å nå måla som vart sett. Det kan både vere fordi måla var for ambisiøse, og fordi tiltaka som vart innført, ikkje har hatt god nok effekt.

Det seier havforskar Kjell Nedreaas i ein artikkel på Havforskingsinstituttets nettsider.

Ny kunnskap

I ein rapport har Nedreaas saman med fleire forskarar samla oppdatert kunnskap om kysttorsken nord for 62-graden. Kunnskapen har forskarane samla frå fiskeri, tokt og biologiske prøvar, og utifrå den kunnskapen føreslår dei ein ny gjenoppbwggingsplan for kysttorsken.

Eit forslag er å dele det store området frå Stad til russegrensa i to ved inngangen til Vestfjorden i Nordland. Skiljet vil gå ved 67. breiddegrad.

Kjell Nedreaas, forskar ved HI Foto: Dag Erlandsen

Det gjer det mogleg å ha meir finmaska mål, reguleringar og overvaking, meiner forskarane.

– Omtrent 80 prosent av kysttorsken held til nord for 67. breiddegrad, medan tjue prosent er sør for denne grensa. Då er det lett for at mål og tiltak blir tilpassa situasjonen der bestandskomponenten er størst, og at ein ikkje tar nok omsyn til den mindre komponenten i sør, seier Nedreaas.

Forskarane peikar på at i eit område med låg tettleik av torsk, kan behovet for vern og gjenoppbygging vere ekstra stort. I tillegg kan klimaendringane på kort sikt ha større effekt på bestanden i sør enn i nord.

Fleire tiltak

Rapporten er tinga av Nærings- og fiskeridepartementet, etter at Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) har gitt Noreg råd om å revidere gjenoppbyggingsplanen for kysttorsk. Tilbake forskarane har skissert for å byggje opp bestanden blir no vurdert av departementet.

Parallelt skal Havforskingsinstituttet drøfte nye bestandsmål og metodar for kartlegging av bestanden i samråd med ICES.

Innanfor det kommersielle fisket meiner HI at blant anna desse tiltaka bør vurderast:

Redusere kystfisket om hausten.

  • Stenge for fiske i område og periodar der det vanlegvis blir fanga mykje kysttorsk.
  • Stenge utvalde gytefelt som er dominert av kysttorsk i gytesesongen.
  • Innføring av bifangstreglar, gjerne nyansert på område, tid, fartøystorleik og reiskap.
  • Vurdere tiltak for bevaring av brei samansetjing av alder og storleik.
  • Vurdere revisjon av fjordlinjer og strengare grenser innanfor fjordlinjer (redusere maks fartøylengd til 11 m, og avgrensa bruksmengd).
  • Vidareutvikle genetiske metodar og verktøy for å kunne operere på «kaikanten» og raskt og effektivt fange opp dynamiske endringar i fangst av kysttorsk.
  • Tiltak for turist- og fritidsfisket:
  • Syte for handheving av registrerings- og rapporteringsplikt, og lage ein plan for overvaking av desse fiskeria.
  • Redusere tillaten bruksmengd.
  • Formidle betydninga av beste praksis innan fang og slepp.
  • Maksmål kan vurderast som reguleringstiltak i tillegg til minstemål i sør. Lenger nord blir dette vanskelegare på grunn av innblanding av nordaustarktisk torsk.