Situasjonen for pigghåen har betra seg dei siste 20 åra. Men bifangst er eit problem langs Norskekysten.

– Kanskje kan det vere eit bidrag til å kunne føreslå meir målretta tiltak enn eit totalforbod mot fiske. For eksempel område- eller sesongbegrensingar, slik vi har for nokre andre artar, seier haiforskar Claudia Junge i ei melding frå Havforskingsinstituttet.

To år med merking

Då gjeld det i så fall å finne ut kor fødsels- og oppvekstområda til pigghåen kan vere. Haien føder levande ungar og går gravide med kvart kull i opptil to år.

For å finne «fødestova», har havforskarane no for andre året festa satellittmerke på høggravide pigghåar.

Merka heng fast, loggar data, løyser seg ut og sender informasjon heim via satellitt. Då kan forskarane rekonstruere svømmeruta til fiskane. Det er same type merke forskarane brukar på makrellstørje og laks.

Forskarane fører sonden over magen i ultralydundersøking. Foto: Erlend A. Lorentzen/Havforskingsinstituttet

Fem pigghå er merka

Forskar Keno Ferter har leia merkinga. I arbeidet har han utstyrt seg med fiskeutstyr, men også ultralyd.

– Vi må vite at pigghåane ikkje berre er gravide, men også i siste halvdel av svangerskapet. Elles risikerer vi at merka løyser seg ut før haiane har født, seier han.

Etter tips frå lokale fiskarar i fjor, har forskarane funne seg ein fast pigghåplass i Langenuen, mellom Austevoll og Tysnes i Vestland fylke.

No er fem merkar festa. Dei skal etter planen henge på pigghåane i eitt år.