Nett.no skriv at ordførarane i Møre og Romsdal er uroa for avgiftshopp på drivstoff til fiskeflåten. Ordførar Bernt Brandal i Hareid har tatt initiativ til protesten, der sju ordførarar og varaordførarar i Møre og Romsdal har gått saman om eit felles innlegg.

Få med ordførarar langs heile kysten

Ifølgje Brandal er planen å ta kontakt med ordførarar i kystkommunar langs heile kysten, for å få også dei med på protesten, skriv Nett.no.

Regjeringa gjer framlegg om å auke avgifta på CO2-utslepp frå 590 kroner per tonn til 2000 kroner per tonn i 2030.