Ein ny rapport frå Havforskingsinstituttet gjer opp status for det ein så langt veit og det ein manglar av kunnskap om mulige effektar av oppdrettsanlegg på gyte- og oppvekstområde for torsk, kveite og andre artar. Forskarane Ørjan Karlsen og Terje van der Meeren har skrive rapporten, som er bestilt av Fiskeridirektoratet.

Den sentrale problemstillinga er om lakseoppdrett er til hinder for torsken – og då spesielt kysttorsk – når han er på vandring til dei faste gyteområda sine.

– Vi veit ein del om biologien til kysttorsken.