Svara kjem fram i ei undersøking som Opinion har gjort på oppdrag for Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen og Bergen kommune i samband med havkonferansen The Ocean.

29 prosent av dei spurte i undersøkinga svarar at fiskeri og oppdrett er den mest berekraftige næringa i Noreg. Det er nesten dobbelt så mange som svarer olje og gass, som kjem på andreplass. IT, industri og turisme følgjer på dei neste plassane. Det skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Fleirtalet har tillit til forvaltinga av havressursane

– Når ein har samanlikna proteinproduksjon frå ulike kjelder, så har den norske havbruksnæringa kome fram som den mest berekraftige proteinprodusenten i verda.