I oktober vart kyststatane einige om ei totalkvote på 929.292 tonn kolmule for neste år. Norske myndigheiter jobbar framleis med å få ferdig avtalar om soneadgang.

- Inntil vi er komne i mål med dette blir den norske kvoten sett med tradisjonell fordeling, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Før moglege bytteavtalar, mellom anna med EU, er rekna inn, er Norge si disponible kolmulekvote dermed på 208.306 tonn.