Den siste tida har det vore fleire rømmingar frå norske oppdrettsanlegg. Så langt i år har Fiskeridirektoratet mottatt meir enn 30 rapportar om rømmingar på totalt 280.000 laks og 2.000 regnbogeaure. 2019 ligg an til å bli det verste året for rømming sidan 2011.

Nesvik kallar no inn sjømatorganisasjonane for å drøfte korleis få bukt med problemet.

- Med eit mål om null fisk på rømmen er dette ein situasjon næringa ikkje kan leve med. Eg forventar at næringa tar lærdom av desse hendingane og at dei skjerper rutinane sine. Vi har allereie strenge regler, og styresmaktene bruker store ressursar på å føre tilsyn. Men så lenge vi har fisk som rømmer, er det ikkje godt nok, seier Nesvik.

Representantar frå Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Kystrederiene og Norsk Industri er invitert til møtet som blir arrangert 4. oktober.