Stilling: Journalist i IntraFish
Alder: 64 år
Bustad: Bodø
Oppvekst: Vesterålen, Bodø og Oslo
Utdanning: Cand.mag., pluss journalisthøgskulen
Familie: Gift, to vaksne døtrer og eit barnebarn
Bent-Are Jensen (64) har jobba med laks i 24 år – og må vel seiast å vere den journalisten med mest erfaring frå laksenæringa i Noreg – utan at det er kvalitetssjekka.
– Utviklinga har vore formidabel, men me finn oss samtidig berre i starten på noko som er mykje, mykje større, seier Jensen, som har kontorstad i Bodø.