Skipper Harald Aarseth døydde 10. august i år, vel 81 år gammal. Han var fødd i Syvde 21. februar 1937, same dagen som Kong Harald og fekk same namnet som han. Harald Aarseth gjorde ikkje skam på kongenamnet gjennom sin livslange innsats i fiskerinæringa.

Harald starta som fiskar som svært mange av sambygdingane sine. Han var først om bord på havfiskebåtar som mange eldre sunnmøringar hugsar; «Yukon», «Syrian», «Erik Løken», «Bellsund», «Dolsøy», «Havmann» og «Jøkul». Hardt arbeid med torskefiske ved Grønland, håbrand ved Newfoundland, på storsilda, Island og i Barentshavet. Felles lugar, middag i aluminiumsbakke og eigen brødmat. Det var ikkje lett for ein unggut å få pålegget til å rekke for heile turen. Men Harald ville satse på sjøen. 

Harald Aarseth som skipper 26 år gammel.  Foto: Privat

Etter avtent verneplikt i Marinen vart han oppmoda til å søke seg inn på Sjøkrigsskulen. Men eit års sjukdom med gulsott sette ein stoppar for det.

I 1957 tok han skippereksamen frå fiskarfagskulen på Aukra. Same året gifte han seg med Randi Margrete Breivik. Dei fekk etter kvart tre born. Dei bygde hus og budde først i Syvde og seinare i Ålesund. Som pensjonist budde han og kona i Skodje.

Det vart innanfor oppbygginga av fabrikkskipsnæringa Harald fekk utfolde seg og syne sin store kunnskap og evne som nyskapar. Men før det var han skipper på «Hessagutt» som var ny i 1961. Saman med søsterskipet «Hessatrål» frå 1960, var dette dei første hekktrålarane i Norge. Eigar var Fredr. Hessen. Båtane var små, berre 77 fot, og dei tekniske løysingane synte seg ikkje å vere gode nok.

Harald kom til Longvareiarlaget i 1965 som styrmann på den første norske fabrikktrålaren «Longva» Alt neste tur var han skipper. «Longva» var i norsk samanheng noko svært nytt, ideskapt og utvikla av skipper og reiar John Longva i tett samarbeid med båtbyggjaren, Nils Liaaen og med god hjelp frå Sunnmøre Kreditbank. I kring 20 år hadde Harald sitt virke som skipper i Longva reiarlaget. Han hadde eit godt samarbeid med John Longva. Reiarlaget hadde to trålkonsesjonar, men fornya seg stadig og bygde i alt seks nye fabrikkskip og eit ombygd fram til 1987. Samstundes vaks næringa og på topp var det kring 25 fabrikkskip i Norge. Svært mange av skipperane hadde fått sin opplæring som styrmenn hos Harald.

På 1970-talet hadde oljenæringa behov for seismikkfartøy. Fabrikkskipa var godt egna for ombygging til slik drift. Longva nytta dette høvet til å skifte ut trålarar for å kunne bygge nye og meir moderne. Harald meinte etter kvart at fiskeria fekk for liten merksemd i reiarlaget, og midt på 1980-talet sa han takk for seg. Han hadde då hatt ein periode der han hadde vore skipper og ansvarleg for drifta og ombygging av fabrikkskipet «Peder Huse», eigd av hans gode ven Torodd Huse.

I 1985 vart han spurd av ei nordnorsk gruppe med, Arvesen-familien, Håkon Hansen og Giæver-familien, om han ville gå inn som driftsleiar, skipper og medeigar i fabrikkskipet «Nordstar». Dette passa godt for Harald. Han likte seg godt og var i reiarlaget fram til han pensjonerte seg i 1998. Etter ombygging av fabrikken og opprusting av båten, vart det fleire år med gode resultat. Ikkje minst gjorde dei godt i seifisket når kvotane av torsk var små. Harald kalla desse åra som sin gode «nordnorske finale».

I sitt virke var Harald langt meir enn berre skipper. Han var oppteken av produktet — den sjøfrosne fileten- og av utvikling av effektive fabrikkar om bord. Utvikling av trålreiskapen og opplæring av trålmannskap var viktig for han. Ved Longvatrål i Gangstøvika var det mange år kurs for trålbasar. Harald hadde eit nært samarbeid med «tusenkunstnaren» Inge Dragsund i utviklinga av 1000/1010-systemet for styring av trålen. Dei samarbeidde også nært i utvikling av fabrikkane om bord

Harald var ein skipper med autoritet. Det stod respekt av han. Skipperane i flåten såg opp til han. «Vi såg opp til Harald for å sjå korleis vi og kunne verte nr. ein» som ein skipperkollega sa. Harald var samstundes omgjengeleg, hadde ei god historie og var raus til å dele kunnskap med andre. Harald sto opp for fabrikkskipsnæringa når han meinte den vart urettmessig omtala og handsama. Han sat i styret i Norske Fabrikkskips Foreining frå 1982 til 1989. Heilt til det siste var han oppteken av næringa og likte å vere med på møter i havfiskeorganisasjonane.

Leiv Grønnevet og Knut Vartdal