Merete Haugland (23) gjekk frå jobben som kokk på autolinebåt til å være med på «ei månelanding»

– Eg følte eg var med på noko stort, seier eineste kvinne på Havfarmen.

Merete Haugland ute på jobb om bord på Havfarmen. Nordlaks fekk tildelt 13 utviklingsløyver til prosjektet i 2017 og har nok søkt om å få konvertert dei om til ordinære matfiskløyver.
Merete Haugland ute på jobb om bord på Havfarmen. Nordlaks fekk tildelt 13 utviklingsløyver til prosjektet i 2017 og har nok søkt om å få konvertert dei om til ordinære matfiskløyver.Foto: Privat

Gigantkonstruksjonen Havfarmen kom til Hadselfjorden i juni i fjor. På kaikanten sto det første mannskapet klar til å gå om bord. Merete Haugland (23) var ein av dei. Og einaste kvinne.

23-åringen bur i Trondheim. Ho har fagbrev som kokk og pendlar til Melbu og Havfarmen kvar fjerde veke.

– Det var litt som om me var med på ei månelanding, med filmteamet rundt oss. Det var bildetaking og intervju. Eg følte eg var med på noko stort, seier Haugland til IntraFish.

Ho har jobba i fiskerinæringa før, som kokk, – og kom frå jobb på autolinebåt.

– Broren min budde tidlegare i Bodø og hadde mange kontaktar i Nordlaks. Han tipsa om jobben. Nordlaks var interessert i å ha ei dame om bord.

Merete Haugland med utsikt over Havfarmen, som er 385 meter lang, 59,5 meter bred og har kapasitet til 10.000 tonn laks.Foto: Privat

Turnusarbeid

I tillegg til å stå for mat på båten bidreg ho også som matros – og er med på mellom anna luseteljing og dødfiskopptak.

– Eg synest det er utruleg spennande. Det er veldig fint å sleppe slingringa også. Me ligg fast ankra på 11 punkt og ligg heilt stille. Eg får tid til å gå rundt å lære meg jobbane utan at det er for mykje bevegelse. Det er det mykje av på fiskebåt. Og så er det artig å få lov til å lære om laks og fiskehelse – det er nytt for meg.

– Eg er veldig takknemleg for at dei valde å gje meg jobben. Eg sa veldig tydeleg ifrå om at eg ikkje har fått lov til å vere med på matrosbiten før - og det er mykje eg ikkje kan. At dei likevel gav meg jobben er eg veldig glad for, seier 23-åringen.

Om bord på Havfarmen jobbar dei frå 7 om morgonen til 7 om kvelden. Fire veker på og fire veker av. Ho jobbar vanlegvis saman med fire andre: Ein kaptein, maskinist, akvakulturarbeidar og ein som styrer ROV-ane.

Bilde frå då mannskapet gjekk om bord på Havfarmen 13. juni i fjor.Foto: Deadline Media/Nordlaks

Må bruke kreativiteten

– Kva er den største utfordringa med å vere om bord?

– Størrelsen! Det er så stort og det er ingen som har gjort jobben på eit sånt anlegg før. Ein må bruke kreativitet og fantasi for å finne ut korleis me skal gjere alt. Me hadde ein del forsøk med å få opp fisk til luseteljing. Det er ganske langt ned til havoverflata. Tømming av merdene var også ei utfordring. Det har gått over forventning, men det er tidkrevjande med ny båt og når me ikkje har gjort det før på dei dimensjonane og i firkanta merder

No har dei tydd til alternative hjelpemiddel for å kome seg kjappare fram.

– Det blir ein del trakking – havfarmen er nesten 400 meter lang. Me har fått sparkesyklar så det går fortare fram og tilbake. Det er veldig artig når me køyrer der heile gjengen.

– Korleis opplever du at Havfarmen er teke i mot?

– Dei fleste rundt meg synest dette er eit veldig positivt prosjekt. Men eg merker at lokalbefolkning er litt meir skeptisk og har ein del meiningar om det. Men det er også mange som er veldig positive, både med tanke på arbeidsplassar og at me doblar kapasiteten på laks berre med oss. Men så er jo diskusjonen om lakselus og den biten som mange reagerer på.

– No var me veldig uheldige som ikkje fekk brønnbåten då me skulle og me hadde ein runde med kjemikaliar som ikkje var tiltenkt. Eg veit at Inge Berg hadde tungt for å ta den avgjersla. Men det er betre at me gjer det enn at ein får auka førekomst av lus. Men eg trur det kjem til å gå veldig bra framover. Me har berre hatt eitt usett av fisk, så langt.

Merete Haugland trivst godt på fjellet. Her er ho på tur saman med far sin.Foto: Privat

Sjokoladefondant og andebryst

Om bord på Havfarmen er det 10 lugarar og to dobbeltlugarar.

– Alle har kvar sin lugar. Og så har vi messe og dagrom med sofa, tv og stressless – og treningsrom, heldigvis. Eg er veldig takknemleg for det. Eg har ikkje turt å reise på treningssenter i Trondheim på grunn av korona. Eg tar igjen styrkebiten når eg er på jobb.

Ho har hovudansvaret for å lage til frukost, lunsj, mellommåltid og middag.

Vanlegvis lagar ho mat til fem stykk om bord.

– Me har hatt ein del servicepersonell om bord – så då er det 30–40 personar her i periodar. Før har eg jobba med å lage mat til mellom 70 og 120 stykk, og på hotellet hadde me 300 gjestar i selskap. Det er litt andre dimensjonar her. Det er veldig deilig å gå ned å lage mat til 5–6 personar.

Haugland seier det kan bli ein del ønske om spesifikke matrettar frå kollegaane.

– Me har ein gjeng som er ekstremt glad i sjokoladefondant. Det kjem spørsmål kvar tur om eg kan lage det. Det er andebryst og sjokoladefondant dei spør mest etter. Då me bytta turnus blei maskinisten veldig lei seg for at han ikkje fekk andebryst på 2,5 månader, ler ho.

Havfarmen.Foto: Privat

Trening og friluftsliv

Etter arbeidstid går det i film., trening, kortspel – og også Play Station.

– Me sit på konferanserommet på brua og spelar i lag. Kapteinen skulle ta med eit par spel til neste tur ut. Det er veldig artig.

Frå Havfarmen og inn til Melbu er det ein 20 minuttars båttur.

– Det er utruleg kjekt å køyre inn der. Jo meir bølger, jo kjekkare er det. Å køyre båt og kran er noko av det kjekkaste eg gjer på jobb.

Når ho ikkje er på Havfarmen bur ho i Trondheim saman med sambuaren som studerer på NTNU. Trening er viktig for 24-åringen.

– Vanlegvis hadde eg normalt vore på treningssenteret, men no med koronaresriksjonar er eg mykje i Bymarka for å trene og så held eg på med jakt. Eg teiknar også ein del og spelar Play Station.

Haugland hadde alle kurs som trengtes for å jobbe på båt, men tok også kurs i fiskevelferd og medhjelparkurs med veterinær før ho starta i jobben.

– Det er også mogleg at eg på sikt tar fagbrev enten som matros eller i akvakultur – og går den vegen seinare.

Merete Haugland held på med luseteljing av fisken saman med kollega.Foto: Privat

– Må tørre å vise seg fram

Ho opplever at jobb på anlegg som Havfarmen er attraktive.

– Med utviklinga i næringa no, blir det vel fort fleire offshore-anlegg. Eg merkar at venane min som er kokk gjerne kunne tenke seg å komme offshore. Det å jobbe seks månader i året, kor ein sit igjen med høgare lønn og meir fritid enn ein har på land er attraktivt.

– Korleis er det å vere einaste kvinne om bord?

– Eg merker at det er eit veldig mannsdominert yrke og det kan bli mykje «mann» til tider, hehe. Men det er eg for så vidt vant til, for det har alltid vore slik når eg har vore på jobb. Men eg trur at Nordlaks har eit ønske om å få fleire damer inn så ein får jamna det ut litt. Men stort sett er dei veldig greie å jobbe saman med, seier ho med eit smil.

Ho har eit råd til andre som ønsker å gå same retning.

– Spesielt som jente må ein tørre å vise seg litt fram. Eg har jobba med fleire jenter som er ekstremt flinke - og har fått høyre at kvinner ofte er flinkare enn menn i mange oppgåver. Ein må stå på og ikkje vere redd for å ta i eit tak.

(Vilkår)
Publisert 12. June 2021, kl. 14.00Oppdatert 12. June 2021, kl. 14.00
HavfarmenNordlaks