I den vesle bygda Gratangen i Troms med om lag 1200 innbyggarar har familieselskapet Gratanglaks bygga seg opp eit levebrød med omsetning på over 300 millionar kroner i året – og over 100 millionar i driftsresultat. Oppdrettsselskapet har hatt ei driftsmargin på over 30 prosent i ei årrekke.

Søstrene Monica Lundberg (29) og Hanne Lundberg (25) er tredjegenerasjon i fiske- og fangstfamilien og jobbar begge to i selskapet – saman med far Tore Lundberg som dagleg leiar, og mor Trine Lundberg som er økonomiansvarleg. Dei sit berre med meters mellomrom på kontoret.

– Det går faktisk veldig bra. Me er ein tett familie sånn sett. Me er tett med broren til pappa også, som er medeigar i selskapet. Me reiser på ferie saman og feirar høgtider i lag. Men det er viktig å skilje mellom arbeid og fritid, seier søstrene til IntraFish.

Store sko å fylle

Synest de det er tungt å skulle ta «oppdrettsarven» vidare på sikt?

– Ein kjenner litt på det. Det er ikkje dei minste fotspora å følge i. Han (Tore Lundberg, red.anm.) starta opp når han var 20 år, og når me går ved sidan av han kjennest det som ein kan veldig lite. Stort sett alle som er med på møter og konferansar har vore i næringa veldig lenge. Men dei som kan mest lærer me mest av. Ein gror jo bein i nasen etter kvart, seier Hanne Lundberg.

Det var ikkje alltid opplagt at dei skulle tre inn i familiebedrifta, og dei to søstrene seier dei har kjent på lite press frå familien.

– Mamma og pappa har vore bevisste på at de ikkje skulle legge press på oss. Dei var flinke til å ta oss med på ting, me fekk vere med på merdkanten, fôre fisken, og me har vert med på konferansar og fått oppleve samhaldet. Dei har vore flinke til å vise oss moglegheitene i næringa - men me har fått sett det utan alt presset, seier Monica.

Gratanglaks
  • Gratanglaks er eit familieeid selskap som blei etablert i 1984 i Gratangen kommune i Troms​.
  • Drifta er i hovudsak lokalisert i Astafjorden og Vågsfjorden, med hovudkontor i Gratangen.
  • I samarbeid med fleire oppdrettarar i området har selskapet bygd opp ei heilintegrert verksemd frå smolt til slakt gjennom selskapa Astafjord Smolt, Håløy Havservice, Brønnbåt Nord og Astafjord Slakteri.
  • Kjelde: Gratanglaks.no

Saknar kvinnelege kollegaar

Søstrene innrømmer at det kan bli litt jobbsnakk rundt middagsbordet heime:

– Pappa er som regel veldig opptatt gjennom arbeidsdagen, så nokre gonger må me ta det etter arbeidstid for å få svar på ting me lurer på. Me kjem ikkje utanom det, seier Monica Lundberg.

Det var vel ikkje heilt planen å bli verande i selskapet for alle – men no er tanken at dei to søstrene saman med broren Mathias på 22 år, som studerer fiskeri- og havbruk, etter kvart skal ta over drifta av selskapet.

– Pappa er berre 57 år, så det blir vel heldigvis ikkje heilt endå, seier Monica vidare.

Sjølv om dei er fleire kvinner i administrasjonen i selskapet — er det tynt i rekkene på merdkanten. Lundberg-søstrene saknar fleire kvinnelege kollegaar i næringa generelt.

– Når me er på arrangement og seminarar er det få damer å sjå. Me har vore veldig vant til å forhalde oss til mannfolk heile tida. Men me er blitt fleire kvinner i administrasjonen her hjå oss – og generelt er det fleire kvinner i administrasjonen enn ute på havet. Samtidig vil me understreke det utruleg gode samhaldet som er blant alle i bedrifta, og måten ein blir møtt og tatt imot uavhengig av kjønn

Før jul fortalde IntraFish at kvinneandelen i oppdrett knapt har auka dei siste 10 åra. Andelen er no på 18 prosent, opp berre fem prosent sidan 1998.

Monica og Hanne Lundberg i Gratanglaks jobbar begge med administrative oppgåver i selskapet. Foto: Privat

Må snakke fram havbruk

Lundberg-søstrene trur ein må promotere næringa endå meir.

– Me må få introdusert næringa for dei unge, dei kan ha sommarjobb, praksis og vere med på seminar. Viss folk skal inn i næringa må dei har eit forhold til ho før dei bestemmer seg for å studere havbruk, seier Monica, og Hanne legg til:

– Det å jobbe på merdkanten er ein ganske fysisk jobb, og generelt er det vel fleire menn enn kvinner som jobbar med det. Tala på kvinner på havbruksrelaterte utdanningar aukar, så det er eit positivt teikn.

Dei seier også at det ikkje er til å legge skjul på at mange av arbeidsplassane finn seg nettopp ute i distrikta og ikkje i storbyane, noko som kan påverke yrkesvalet.

– Det er viktig å vise kva ein gjere og korleis det er å bu på bygda. Det er ekstremt mykje å finne på. Og caffé latte kan ein alltids fikse, seier Hanne.

– Byråkratiet tek tid

Kva meiner de er dei største utfordringane for norsk oppdrett i dag?

– Forutan lakselus, så tar byråkratiet veldig mykje tid. Me går oss litt tjukk i papir, rapportar og skjema - og opplever nesten at papiret kan gå framfor sunn fornuft. Det er litt skummelt, for viss det held fram den vegen er eg litt nervøs for kor det kan ende opp henne, seier Hanne.

Dei har begge prøvd seg ute havet, på slakteriet og på smoltanlegget.

For Hanne blei det tidleg klart at ho ønska å jobba innan havbruk. Ho tok bachelor i havbruksdrift og leiing. Planen var å jobbe hjå nokon andre før ho slo seg til ro i familieselskapet – men då dukka det opp eit spennande utviklingsprosjekt: Konseptet «Øymerd» som Gratanglaks utviklar saman med Kleiva Fiskefarm og Bemlotek gjennom selskapet Astafjord Salmon.

Søknaden blei først avvist av Fiskeridirektoratet men er no sendt tilbake til ny vurdering etter at selskapet fekk medhald i klagesaka som er behandla av Fiskeri- og næringsdepartementet.

Har tråden i prosjektet

Det er 25-åringen som har eit overordna ansvar for prosjektet.

– Det er veldig artig å vere med på å finne nye løysingar. Eg sit saman med mannfolk som har jobba i bransjen mange år – og ein føler seg litt lita. Men eg har blitt veldig godt tatt i mot og eg føler eg blir høyrd, seier Hanne og legg til:

Kvinneandelen i oppdrett har berre økt med berre to prosentpoeng på ti år: – Eg oppfordrar fleire jenter til å komme inn i næringa, seier Lena Amundsen

– Eg har prøvd å halde tråden i prosjektet – det går på det oppdrettsfaglege – korleis me kan få til nye løysingar og eg har mykje kontakt med dei på anlegga for å få forslag til kva som kan utbetrast. Prosjektet har vart i tre år no.

Ho satsar sjølvsagt på positive tilbakemelding frå myndigheitene.

– Håpet er at me får fullt utteljing. Me har søkt om åtte konsesjonar. Det er eit stor prosjekt som me alle har veldig lyst til å få i hamn. Me må få nokre konsesjonar for at det skal lønne seg. No er ikkje prisen noko særleg god på laksen heller, det er ikkje noko stort å skryte av.

Monica og Hanne Lundberg trivst godt med å jobbe i den vesle bygda Gratangen i Troms. Foto: Privat

Låge prisar

For storesøster Monica var ikkje havbruk og familieselskapet eit like opplagt val.

Planen var å jobbe med reiseliv. Ho har ein bachelor i eksportmarknadsføring og har vore lærling i bank ein periode.

Monica har hatt ansvar for oppbygging av visingssenteret «Blue Vision» til Gratanglaks, og har i dag hovudansvaret for det. Senteret er lokalisert i Kystens hus i Tromso, og har delar av si visning i Gratangen.

– Familien har ønska meg innanfor selskapet, no har det blitt litt tilfeldig at eg jobbar her, sjølv om det ikkje var planen. Men etter kvart som eg fekk fleire og fleire arbeidsoppgåver – såg eg kor spennande jobben var, seier ho.

Sjølv om koronakrisa ikkje har hatt store praktisk betydningar har dei låge marknadsprisane også vore gjeldande for Gratanglaks. Samtidig som trenden er at produksjonskostnadane stig.

Oppdrettar om ILA: – Vi hadde for mange påvisninger og det må vi ta innover oss

– Kostnadane har stege hjå oss også. Dei to siste åra har vore tøffe. I 2019 vart me råka av algeangrep og i 2020 hadde me ILA på to lokalitetar. Det skapar ekstremt store kostnader med direktelossing frå brønnbåt og 48 timars karantene, det dreg på seg veldig fort. Det er ikkje dei beste åra me har hatt, i tillegg til at prisen har vore veldig lav i 2020. Men me håpar me klarer å hente oss inn igjen etter kvart, slår dei fast.

__________________________________________________________________________________________________

Har du lyst til å lese flere nyheter fra oppdrettsnæringen? Prøv oss for 1 krone den første måneden!