Det endelege kvoterådet for reker i Skagerrak og Norskerenna for 2020 er på 8.736 tonn. Det er ein oppgang frå lågpunktet i fjor, melder Havforskningsinstituttet.

I fjor berekna forskarane at rekebestanden var låg, nesten på nivå med sitt historiske lågpunkt.

Guldborg Søvik, bestandsansvarleg for djupvannsreke, seier denne årsklassen er relativt god – med trykk på relativt.

Ho seier det ikkje er mengda egg som er problemet, men rekelarvane si overleving.

Samtidig med det endelege kvoterådet for inneverande år, gir forskarane eit førebels kvoteråd for kommande år. For 2020 var det førebelse rådet 12.439 tonn, men det endelege rådet enda altså opp på 8736 tonn.

– At kvoterådet blei såpass mykje lågare, skuldast at det blei fiska meir i 2019 enn vi hadde rekna med. I hovudsak fordi ubrukt kvote frå 2018 blei overført til 2019, seier Søvik.