Fiskeribladet kjem innom Hardanger Fiskeforedling i toppsesongen, og denne dagen har dagleg leiar Knut-Roger Sivertsen fått spesielt mykje på tallerkenen. Luftfartstilsynet er på veg for å utføre ein inspeksjon. Godkjenning frå dei må til for at flyfrakt av laksekassene skal kunne gå smidigare på flya ut til den store verda.

I år er det 30 år sidan den fyrste fisken vart slaktet her på Bakka i Strandebarm, og selskapet er i stadig utvikling.

Medan sjefen prater, er det full aktivitet i produksjonshallen under oss.