– Vi fekk telefonisk beskjed om rømminga i formiddag, seier seniorrådgjevar Geir Martin Kvamme hjå Fiskeridirektoratet til Firda onsdag denne veka. 

Anlegget det gjeld, ligg ytst, på vestsida av Vadheimsfjorden, og er eigd av Tombre Fiskeanlegg.

Miljø- og samfunnskoordinator for Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg Kjetil Hestad stadfestar at ein hadde eit driftsuhell ved anlegget i går. 

Fisken er på rundt eitt kilo og selskapet har sett ut garn for å drive attfangst. Dei har óg kontakt med yrkesfiskarar som skal setje ut garn. 

Selskapet jobbar med å finne ut av kor mykje fisk som har rømt.