Jonny Berfjord frå Dønna blei attvald som styreleiar for Fiskebåt for eit år til. Det avgjorde eit samrøystes digitalt årsmøte melder Fiskebåt.

Berfjord skulle normalt gått av som styreleiar på årsmøtet i år, men på grunn av koronapandemien og at det i tillegg er i eit år med stortingsval, spurte valnemnda om han kunne site eit år til.

- Vi meiner det er viktig å ha kontinuitet når situasjonen er så spesiell som den er i år. Det ville difor vere vanskeleg for ein ny styreleiar å ta over no, sa leiar i valnemnda Janne Grethe Strand Aasnæs til årsmøtet.

Det blei heller ingen andre store utskiftingar i styret. Webjørn Barstad går ut av styret som følge av byte av jobb, og blir erstatta av Eldar Farstad.