Nærings- og fiskeridepartementet opplyser i ei pressemelding at reguleringa av fiske etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak for 2021 no er fastsett.

På grunn av manglande kvoteavtale for dei felles bestandane i Nordsjøen har Noreg vedteke ein førebels kvote for 2021. Kvoten er basert på råd frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Den disponible norske kvoten blir 1706 tonn som førebels berre kan fiskast i norsk farvatn.

Historisk låg kvote

– Dette er ein betydeleg lågare kvote enn i 2020, og den lågaste i historia. Vi har derfor etter ei grundig vurdering kome til at vi må avgrense det norske fisket til å berre omfatte bifangst. Altså er det ikkje rom for å drive eit direkte fiske etter torsk neste år. Det er rett og slett ikkje nok fisk tilgjengeleg til det. 2021 blir derfor eit år som skil seg frå det vanlege, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i meldinga.

Fartøy som fiskar med andre konvensjonelle reiskap enn snurrevad kan ha ein høgare prosent bifangst enn andre fartøy. Dette inkluderer fartøy som tradisjonelt har fiska direkte etter torsk med garn og autoline.



Byggje opp bestanden

Reguleringa kan bli endra dersom fisketakten skulle tilseie det.

Vidare vil stenging av gyteområda i Noregs økonomiske sone (NØS) som blei innført i 2020, vidareførast i 2021. Det er tale om ti definerte område, og fiske i desse områda skal vere stengde for fiske med all reiskap unntatt pelagisk trål og ringnot i gyteperioden. Noreg stengjer områda som er i norsk sone som eit verkemiddel som bidreg til å byggje opp bestanden igjen.